mandag 7. april 2008

Fugleglede

Utom kjøkenet har me eit fuglebrett, og dei små gjestane der gjev oss dagleg glede og entusiasme. Me har kjøtmeis, blåmeis, grønfink, gulspurv og bokfink på repertoaret - og her om dagen var iveren voldsom, då denne karen dukka opp!



Dagen etter såg eg kona tok seg ein tur også.
Gausdølane kunne fortelje meg at det var eit teikn på snarleg snjovêr, når dompapane kom på brettet eller i fuglebandet. Og så sant som det var sagt, utpå ettermiddagen kom det eit dryss, og eit døger etter lava det ned på ny. Det slo meg brått at Salige Prøysen også må ha visst dette, jfr "Høgt oppi lia der veit je et sted, det snør og det snør og det snør nesten ned (...) Og her kommer du og je og dompapen..." Hoho, slikt sit nå eg her og tenkjer på :-)

4 kommentarer:

Ugla sa...

Heldige fivrel som har dompap på fuglebrettet. Eg ser og ein hann og ei hue, men dei plukkar opp solsikkefrøa frå bakken. Stundom sit dei i syrinen eller i epletreet nedafor stoga. Dersom det er slik at dei kjem med snø, så kan dei no berre halde seg på bakken. Her i sør var det på nytt heilt kvitt i hagen i dag.

Torunn sa...

Heisann. Takk for koseleg kommentar i bloggen. Halsoppskrifta har eg funne her: http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=98&d_id=34&lang=no :) Lykke til!

Fivrel sa...

Supert Torunn, tusen takk :-)

Marie sa...

Hei, hei!
Så koseleg blogg du har :)