onsdag 23. april 2008

"Der elva gjør en sving"



Der elva gjør en sving er det ei lita bru, og over den brua må du gå for å kome til oss.
Mellom denne vesle brua som går over bekken, og den store elva, der ligg tunet vårt.
Du har kanskje sett det før? Det er mange som trur at det bur ein brandete katt der,
og ein gamal gubbe. Og mange høner som likar å ha teselskap og kakle om alt og ingenting.



Fuglar er her nok av. Dei kaklar og kvitrar og flaksar og flyg. Men dei er frie, sjølv om dei både
får mat og husly av oss, og egga får dei ha for seg sjølve. Attende gjev dei glede, stor glede!
Katt er her ikkje, men ein liten luring av ein hund. Og den gamle gubben er enno ung i kroppen,
og så er her nyss kome til ei ung, gamal jente, som likar å sitje på saueskinnet i gyngestolen sin
og lese tykke bøker og spite.



Midt på tunet står ei stor og staseleg bjørk - rank og slank og stilrein vinters tid; frodig, frisk og livgjevande om sumaren. Ho er midtpunktet, og i kring ligg det vesle raude huset
med hagen og berbuskane sine, bilhuset, vedskjol/hagehus/gjestehus, og lengst borte stallen.
Og så alle fuglehusa då, men dei skal du få høyre om ei anna gong.



Nørdst i hamnehagen er det ein ljos og open liten skog, og her gjestar både jase, elg og fuglar oss. Maurane bur her støtt, men dei er stadig ute på vandring. Eit flatt jorde er her også, og så kjem elva. Susar og syng gjer ho støtt, sjølv no, lita som ho er før vårløysinga. Er nok glad for at isen er borte, at ho har fridomen att, luft og ljos og frie taumar. Berre vent, snart skal heile Vestfjellet passere forbi oss - her i det vesle, raude huset på elvesletta.



Til slutt - Klok på Bok: "Der elva gjør en sving"? Hint: Ikkje sjøorm denne gong! 

7 kommentarer:

HomlisBomlis sa...

Jeg liker Findus jeg - ihvertfall når han krangler med den nye hanen....!!

Lilledora sa...

Noen bor i ett lite rødt hus på elvesletta og noen bor i et lite rødt hus på myra. Her bor det heller ingen katt, men en gammel gubbe og ei forholdsvis ung kone.
Idylliske bilder, men så masse snø enda. Her er all snøen forsvunnen nå, og alt er bare herlighet og glede

Ugla sa...

Fivrel! Eg har sagt det før: Du er som Fredrik. Han som samlar på solstrålar og vene ord, medan dei andre musene samlar nøtter og frø. Om du ikkje hadde teke bilete(du er no heldig som har DET apparatet!), hadde vi likevel sett føre oss kor koseleg de har det. Ja, raude hus - det er tingen. Faktisk, eg bur og i eit raudt hus. I ein hage.

Landliv sa...

Åååå, jeg har lurt så på hvordan dere egentlig har det der, og nå fikk jeg mange bildeglimt og ikke minst beskrivelser!

Det virker utrolig idyllisk, og for et flott tuntre!!

Her har vi selvsagt vel så mye snø som dere. Når du har lest fra deg for denne gang, kommer vi på besøk. Gi meg et hint ;-)

Forresten: Her er nesten alle hus brune, så da slipper man å lure på hvilken farge man skal velge!

Lilledora sa...

Tenk tre røde hus. Ett i en hage, ett på elvesletta og ett på ei myr. Men vi har ingen elv som vi kan se på, ikke en bekk engang, bare ei lita sølepytt, men den har arb.folket hatt sand i så nå er den borte den og.

Ugla sa...

Om eg ikkje minnest gale - så bur Lilledora nær ein by med "ei utmærka ælv te å spøtt i". Så hu treng ikkje reise langt for å gjere det - hu treng ikkje ein gong å reise med farfar!
Ugla er klok og veit svaret på Klok på bok: Thore Hansen har skrive boka "Der elva gjør en sving". Dette var yndlingsboka di eit bel, fivrel, eg kan til og minnast kven som gav deg denne boka. Eg skal snart i namnefest til sonedottera hennar, eg trur gåva frå Hainn te mæ og og mæ må ha noko med litteratur å gjere.

Lilledora sa...

Skjønte ikke den klok på bok, først jeg, men nå skjønner jeg den. Flink med ord det er du Fivrel, og flink med alt mulig.
Og Ugla, hun er jo bare et lite unikum. Henne skjønner jeg , både med elva og reisen med farfar. (Men, reisen med farfar er det vel bare Ugla og Lilledora som skjønner. Fnis, fnis)