onsdag 23. april 2008

"Der elva gjør en sving"



Der elva gjør en sving er det ei lita bru, og over den brua må du gå for å kome til oss.
Mellom denne vesle brua som går over bekken, og den store elva, der ligg tunet vårt.
Du har kanskje sett det før? Det er mange som trur at det bur ein brandete katt der,
og ein gamal gubbe. Og mange høner som likar å ha teselskap og kakle om alt og ingenting.



Fuglar er her nok av. Dei kaklar og kvitrar og flaksar og flyg. Men dei er frie, sjølv om dei både
får mat og husly av oss, og egga får dei ha for seg sjølve. Attende gjev dei glede, stor glede!
Katt er her ikkje, men ein liten luring av ein hund. Og den gamle gubben er enno ung i kroppen,
og så er her nyss kome til ei ung, gamal jente, som likar å sitje på saueskinnet i gyngestolen sin
og lese tykke bøker og spite.



Midt på tunet står ei stor og staseleg bjørk - rank og slank og stilrein vinters tid; frodig, frisk og livgjevande om sumaren. Ho er midtpunktet, og i kring ligg det vesle raude huset
med hagen og berbuskane sine, bilhuset, vedskjol/hagehus/gjestehus, og lengst borte stallen.
Og så alle fuglehusa då, men dei skal du få høyre om ei anna gong.



Nørdst i hamnehagen er det ein ljos og open liten skog, og her gjestar både jase, elg og fuglar oss. Maurane bur her støtt, men dei er stadig ute på vandring. Eit flatt jorde er her også, og så kjem elva. Susar og syng gjer ho støtt, sjølv no, lita som ho er før vårløysinga. Er nok glad for at isen er borte, at ho har fridomen att, luft og ljos og frie taumar. Berre vent, snart skal heile Vestfjellet passere forbi oss - her i det vesle, raude huset på elvesletta.



Til slutt - Klok på Bok: "Der elva gjør en sving"? Hint: Ikkje sjøorm denne gong! 

tirsdag 22. april 2008

Ein fivreldag!

I går såg eg fyrste fivrelet!



Eg som hadde tenkt å utlyse ei tevling om å vere fyrst til å sjå fivrel i år - så kom våren og varmen likevel alt for brått på meg, og fire fivrel flagra forbi oppi vegen då eg gjekk for å hente posten. Eg sneik og snusa i kring med fotoapparatet ei GOD STUND før eg greidde å fange fivrelfargane, om enn eit stykke unna.


Desse dagane er så fulle av gleder - fivrel, fuglar, tørr veg og joggesko, ikkje støvlar lenger,  
verandaen fri for snø i går, medan eg fekk frekner på nasen, og ikkje minst... vel, bileta får seie sitt!


Snjoren brånar medan ein ser på han, og opp av den mørke molda kjem dei vakraste små blomar. Eg vart reint lukkeleg då eg fann både leirfivel og kvitveis langsmed vegen vår i går.



Sjå her, det monnar no, det monnar!
 

Å nei for himmel rein og klår!
Å sæle meg no er det vår!
No spelar liv om land og strand;
å sæle meg, at opp eg vann!

fredag 18. april 2008

Men når vårsol i bakkane blenkjer...

...sit studentane innomhus, i mørke krokar, med bleik framtoning og gardinene dregne attføre. Det er den tida. No att. Kvar vår er det slik, når vårdagane byrjar snike seg innpå oss, med lange, ljose kveldar, med tidlege fuglekvitremorgonar, med logar av sol som får både snjor og nordbuarar til å bråne. Då byrjar Tida for oss, tida som vil vare heilt til det magiske er over, heilt til det er sumar kring Sankthans og dei fleste allereie har tæra godt på solkremflaska.



Det er sjølvvalt. Og det er vel til det beste i lengda, det er eg iallefall hjernevaska nok til å tru.
Så gjeld det berre å finne seg ein opphaldsstad i denne perioden som ikkje oppmodar FOR mykje til grøne og glade syslar - hadde eg budd på Jæren hadde det nok vore frodigare i drivhuset i hagen enn på sidene i notatboka og permane i hylla.



Her minkar snjodjupna frå dag til dag, stakittgjerdet rundt hagen er no godt synleg, og det er ikkje lenger råd å springe oppå snjoren utan å søkke djupt nedi - for så å kome opp att utan støvlar.

I haust planta me fire aplar - det vert spennande å sjå korleis dei har tolt den lange vinteren. Målet er å kunne sitje i badestampen ein mørk og kolnande septemberkveld og berre strekkje ut armen og ta seg eit saftig og søtt Aroma-eple...

torsdag 10. april 2008

Varme i kropp og sjel

Det finst éin slags varme - god når tærne er kjenslelause og gradestokken syner dei blå. Ein god vedomn, ei nylaga suppe, eller ull! Anten om det er ein saueskinnsfell å krype opp i, eit pledd å tulle seg inn i, ein stor genser å dukke inn i - eller eit stort, mjukt, langt, varmt og herleg skjerf å surre kring halsen 2-3 gonger. Sjølv kan eg knapt gå ut i kulda utan angorahalsen min, eller eit langt ullskjerf.


Her er eit skjerf eg laga i januar - Eskimogarn og tykke pinnar, og flettemønsteroppskrift frå Familien.




Men det finst også ein annan slags varme - når dagen har vore einsam eller keisam, når kvelden tykkjest verte som alle andre kveldar, når ingenting skjer og ingen er der i lag med deg. Då finst det likevel nokon å vere saman med. Einkvan du ikkje enno kjenner, eit liv du ikkje enno har høyrt om. Stadar du aldri har vore - enno, og hendingar du berre har fantasert om, men aldri vore med på. Alt ligg og ventar! Det er berre å leggje eitpar vedbrandar i omnen, lage ein kopp te  og krype opp i sofahjørnet med eit pledd over fanget. Og ei tjukk bok...



Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine.

Har du ikkje vore borti Anna G. før, så er DETTE stunda.
Eg vil at nokon skal vente på meg
Eg elska ho
Saman er ein mindre aleine.

Det er skattar, inkje mindre. Njot! :-)

tirsdag 8. april 2008

Matauk



Det er nok underleg å skrive om matauk tidleg i april, serleg når ein bur under tilnærma artiske tihøve (!), men det fall seg likevel så naturleg. Eg las nemleg i dag at me i Noreg importerte 3,6 millionar tonn mat til ein verdi av 29 milliardar kroner i fjor. På 10 år har importen auka med 14 milliardar kroner i verdi og 1,3 millionar tonn i volum (Nationen).



For meg er sjølvberging eit viktig prinsipp, anten det no gjeld å kunne greie seg utan tennbrikettar på tur, eller å kunne leve på ein måte som i minst mogeleg grad skadar naturen vår, dyra og menneska me lever i lag med. Kortreist mat er viktig. På så mange måtar! Ikkje berre sparer det den tunne atmosfæren vår for mange tusen kilo farlege gassar som kjem ved global transport av matvarer, men det stør også oppunder lokalt liv, slik at me kan bruke den jorda me har på heimstaden vår, og vonleg kjenne eit visst samband med den molda me har grodd fram frå.



Eg tykkjer ikkje me skal verte så framandgjorde frå planter og dyr - dyrke eigne grønsaker er då noko alle kan! Skjøne at husdyra våre gjev oss livsviktig føde, og setje pris på dei og stelle godt med dei i takksemd for det (jfr stadige dyrevernssaker som dukkar fram).

Fjuh, dette kan fort verte voldsomt alvorsamt, for her er det logar av engasjement under overflata. Eg meiner - ein kan byrje i det små, kvar og ein!
Har ein ein liten jordlapp eller hageflekk, kan ein ha nokre gulrotsenger i staden for prydblomar
(og du verda kor vakker frodig eplevis er!), og ein kan ha eiga forsyning av krydderurter.



Sjølve dyrkar me jordeple, og har også ei fin lita forsyning av gulrøter, lauk, sukkererter osb. Jordepla har me heilt til neste vår - og sjå her, våryre groer har byrja strekkje seg mot sola!
Om eit par månaders tid skal nokre få, heldige eple få dukke djupt ned i dei mørke, lukkelege molddraumane sine att, for å gro fram nye livbergarar. Er det ikkje fantastisk?!
Ein set dei ned i jorda, ein og ein, og nokre månader seinare kan ein ta opp det tidobbelte, minst! Utan sprøytemiddel, utan kunstgjødsel, utan ein einaste transportmeter - bortsett frå trillebåra. 



Ein annan ting me gjer, er å setje gong å og steikje stomp (bake brød, med andre ord!).
Vel ein økologisk mjøl frå ei norsk mølle, har ein også gjort gode val, spart seg for konserveringsmiddel, laga ein mykje meir næringsrik og sunn kvardagsmat, og ein har gjeve huset ein god eim, og ange av heim.




mandag 7. april 2008

Fugleglede

Utom kjøkenet har me eit fuglebrett, og dei små gjestane der gjev oss dagleg glede og entusiasme. Me har kjøtmeis, blåmeis, grønfink, gulspurv og bokfink på repertoaret - og her om dagen var iveren voldsom, då denne karen dukka opp!



Dagen etter såg eg kona tok seg ein tur også.
Gausdølane kunne fortelje meg at det var eit teikn på snarleg snjovêr, når dompapane kom på brettet eller i fuglebandet. Og så sant som det var sagt, utpå ettermiddagen kom det eit dryss, og eit døger etter lava det ned på ny. Det slo meg brått at Salige Prøysen også må ha visst dette, jfr "Høgt oppi lia der veit je et sted, det snør og det snør og det snør nesten ned (...) Og her kommer du og je og dompapen..." Hoho, slikt sit nå eg her og tenkjer på :-)

lørdag 5. april 2008

Snjor og stjernehimmel



Då har me kome godt på plass i ein av dei austlegare dalane, og det er ikkje tvil om at me både har kome oss lengre nord, og lengre aust mot dei djupe, ævelege skogar - for her er det iallefall ikkje vår enno! Langs gardsvegen er det meterhøge brøytekantar, og huset får berre såvidt stikke nasen opp og puste vedfyringsanden sin ut i aprillufta – for all snjoren som har rasa frå tòka ligg som høge borgmurar kring veggane. Halvvegs opp i vindauga rekk snjoren; slå den!



I dag har kjærasten bursdag, og orntleg kake må til :-)



Dette er mi personlege Verdens Beste/Suksessterte (med tanke på orda, ikkje ingrediensane) – som er fin å slå til med dersom du får rettelege sjokomanar på sjal. Sukkerbotn, marengs, med lag av sjokoladetrøffel med 
krem innimellom. Mmmm! 


Ho er så god at eg med glede spreier den glade bodskapen og oppskrifta til huslege sjeler i alle krinkelkrokar. I dag vert ho døypt Stjernehimmelkake, eller Sjynnekake blant vener.



Bursdagsgåvene ber preg av at bursdagsbarnet om nokre månader skal på ein aldri så liten ekspedisjon til Peru (reiseveske, lett og superabsorberande handkle ma.), men ei mjuk pakke med heimespita innhald høyrer sjølvsagt også med.


Dette er ei huve som faktisk dekkjer godt over øyro – noko eg meiner mange karar kunne hatt bruk for (eg nyttar høvet til å klukke godt kvar gong eg ser ein Norsk Mann med Huve. Det kan ikkje forklårast med hårmangel på issen heller, for mange hårete går også med huva som kalott. Eg er ein øyrefrysar, og har inga forståing).


God laurdag til alle - serleg til store og små huvetroll slike som dette ;-)