fredag 14. mars 2008

Vårteikn



Det er vår! Det er ikkje lenger tvil, halvvegs i mars er vegane tørre, sola skin så herleg, ein eim av bråtebrann kjem sigande, småfuglar kvitrar og syng det hjarte og røyst kan bere, og der fann eg den fyrste Tussilago farfara i år - leirfivelen! Eg kjenner eg vert yr av glede, vårkraft og livslyst, og
når kjærast og hund set seg i bilen og køyrer nordaustover for å feire påska langt og høgt til fjells i ei veke - opnar eg glasa på vid vegg og fyller huset med rein, varm luft (medan eg nyttar det lukkelege sinnelaget til å plukke opp hundelort frå plenen, ei frydefull oppgåve når ein er i slikt lag og berre vil vere ute; og når ein ikkje har meir hage å pusle med enn den 3x1,5 m store plenbiten ein har leigd i hop med huset...)

No sig fredagskvelden inn, og eg skal kose meg med ein stor kopp grøn te, ein haug med ullsokkar som treng stopping (LA OSS SLÅ EIT SLAG FOR STOPPING AV SOKKAR! Det er ein av parolane mine ;-) - og ikkje minst, ein ny episode av Road to Avonlea.


Sarah Stanley, Hetty og Olivia, og Jasper Dale sjølvsagt. For ikkje å tale om Felicity, Felix og vesle Cecily, borna åt Janet og Alec King. Ringjer bjøllene?! Dette er etter mi meining ein av dei flottaste seriane som har vore synt på NRK, truleg sist på '80-talet. Som alt anna av god kvalitet er sjølvsagt Vegen til Avonlea fyrst og fremst ei bok, av Lucy Maud Montgomery (du veit, «mor» åt Anne with an e (Anne frå Bjørkely)), men det er også ein herleg film frå eitt av dei vakraste landskapa som finst – Prince Edward Island i Canada. Blått hav, gylne strender, bylgjande kornåkrar, frodige lauvskogar, kvite vintrar – og estetisk fortreffelege landsbyar. Men no kan eg ikkje vente lenger! ;-)

5 kommentarer:

Lilledora sa...

ÅÅÅ, som jeg lenges til våren, men når jeg ser ut så skjønner jeg at det tar en stund før jeg kan nyte synet av små gronne spirer som titter opp av bakken. Våren er herlig, det er som med blanke ark, alt er igjen blankt og nytt.
Veien til Avonlea er en av de seriene jeg ser om og om igjen med like stor glød. Den og Anne fra Bjørkely. Blir aldri lei de seriene, og som du sier landskapet er så nydelig. Gleder meg til mandagen, da kommer Tuppelupp, og vi kan sitte og kose oss og se og snakke om sist vi satt og så de samme dvd`ene. Tror nesten jeg har sett Anne samen med en annen jente, for en god stund siden. Nå ønsker jeg deg god påske og håper at du får litt besøk du og. Klems

Landliv sa...

Å! Er det på TV det går den serien eller er det på DVD? Jeg ga "Anne fra Bjørkely", den første filmen, til storesøster til jul. Den falt i smak for alle sammen! Til og med lillesøster. Jeg satt og oversatte filmen, men de liker å se på den selv om den er engeslk også.
Her er det ikke så mange vårtegn ute egentlig. Akkurat nå snør det og blåser rundt husveggen.
Du må ha riktig god fjelltur og kose deg i påsken, - regner med at du ikke behøver å lese hele tiden ;-) Selv jobber jeg i dag og imorgen samt et par vakter. Så drar jeg sørover i slutten av påsken, og et par dager etter påske.

Fivrel sa...

Hei Landliv - nei, det er nok på DVD, eg har vore inne på cdon.com og fråtsa i nostalgiske seriar. Går ein del i James Herriot også, ja. Forøvrig bøker som eg kan tilrå på det sterkaste, dei er svært underhaldande (om ein dyrlækjar i Yorkshire før 2. VK. Før penicillinen og dei moderne metodane!). God påske til alle dykk også, her har eg fått sjalefolk, mamma og papa har kome for å underhalde meg nokre dagar ;-) Hels store og små!

Ugla sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
HomlisBomlis sa...

GOD PÅSKE, Schnuppa!
Klem fra oss som bor i ei vik!!