fredag 21. mars 2008

Vårjamdøger



For ei veke sidan fann eg hestehov og var samd med kvitrande småfuglar om at våren var komen. Ein liten forsmak var det visst berre - for no har vinteren kome attende. I løpet av dagen har det kome nærare halvmeteren med snø, og verda er visst enno ikkje kvit nok, for det held fram å lave ned. Det er enno berre mars, og sjølvsagt vel optimistisk med påskeliljer og blomedraumar...



Eg skulle måle snjodjupna - men den lange linjalen min var for stutt! Og kva hjelper det å ha ein kjærast som er snikkar - når han støtt har med seg tommestokken når eg treng han mest...



Linjalen er 41 cm, så mykje snjor har det altså kome her i dag.

4 kommentarer:

Ugla sa...

Kjære fivrel. Eg tenkte som deg at no var det snart vår, og eg reiste på ein liten påsketur i småsko. Ja, det skal vere visst at snøen lava ned i bergstaden din. Men det var gama å sjale seg hjå deg, og har vi aviser, garn og sneiser, ei bok (som denne gongen berre låg i veska) og Sara frå Avonlea på DVD - og den gode samtalen - då kan det berre snø. Og ingen bekymring for den lange køyreturen heim,; ne, for den fiksa bussen. Hurra for dei gode rutebilene i landet vårt! Helsing frå Mor Hubro

Landliv sa...

Sara frå Avonlea?! Har jeg gått glipp av noe tro.... er det datteren til Anne kanskje? Mulig jeg må investere i flere DVD'er jeg også!
Jeg plantet en stor krukke med hengeselje omkranset av liljer og perleblomster her hos mamma og pappa for et par dager siden. Men det var før jeg visste at vinteren kom tilbake!! :sukk: Håper ikke de grønne museørene på seljen fryser da.
Drar oppover igjen til det ekte vinterland i morgen.

Landliv sa...

Kjære ugle: Håper dere har hatt det fint i påsken - selv om det altså ikke ble fjellpåske på dere, og til tross for de triste omstendighetene med ulykken.

Fivrel sa...

Landliv: Road to Avonlea er ein serie som gjekk på nrk på 90-talet. Basert på bøkene om Sara, av LM Montgomery - og det heile går føre seg i same Avonlea som Anne var. Eit parallellt univers, der både Marilla og Rachel Lynde er å sjå med jamne mellomrom. Har du ikkje sett desse har du Lukke på vent! Dei er nett like gode og gjer like godt som bøkene og filmane om Anne. Vil tru Sara-bøkene er midt i blinken for storesyster no! Eg las dei då eg var på hennar alder, og ELSKA dei :-)