fredag 28. mars 2008

Flytjefoten



Så er det på nytt tida for å ta ein tur med flytjeføtene. Byrjar verte ein rutinert pakkar som veit kva som skal kvar og korleis alt skal få plass i bilen - men det er jammen MANGT ein har...



Ein får godt oversyn over alt ein har når ein såleis ber og puttar og stappar og organiserer. Alt er kanskje ikkje like livsnødvendig - men alt gjev glede! På sitt vis - gjennom minne, nostalgi, eller berre rein estetikk :-)



I samband med flytjinga er me også utan internett ei veke. Hardt, men sant :-) På attersyn!

tirsdag 25. mars 2008

Kongen på Haugen

Då me gjekk ein tur kring Lågdalsmuseet hin dagen snusa brått lisle hunden ut i vêret og hadde fått ferten av noko særs spanande... ein liten pus?



Hånei du, dette var ingen liten pusekatt. Dette var Kongen på Haugen, ein barsk hannkatt som ikkje let seg skremme av ein skarve hund!



I staden myste han mot oss med smale auge og helsa oss med krumma rygg og viftande hale.
Alle som har kjent ein katt veit kva det tyder...



Og ikkje var han den som sprang sin veg, slik andre pusar gjer. Nei, han kom etter oss, han!



Og la seg midt i gata, med eit uttrykk surare enn små villplommer i juli....



- då me vende ryggen til, retta han seg opp og kasta mest umerkeleg på hovudet - eit lite hmf!
på kattars vis.

fredag 21. mars 2008

Vårjamdøger



For ei veke sidan fann eg hestehov og var samd med kvitrande småfuglar om at våren var komen. Ein liten forsmak var det visst berre - for no har vinteren kome attende. I løpet av dagen har det kome nærare halvmeteren med snø, og verda er visst enno ikkje kvit nok, for det held fram å lave ned. Det er enno berre mars, og sjølvsagt vel optimistisk med påskeliljer og blomedraumar...



Eg skulle måle snjodjupna - men den lange linjalen min var for stutt! Og kva hjelper det å ha ein kjærast som er snikkar - når han støtt har med seg tommestokken når eg treng han mest...



Linjalen er 41 cm, så mykje snjor har det altså kome her i dag.

fredag 14. mars 2008

Vårteikn



Det er vår! Det er ikkje lenger tvil, halvvegs i mars er vegane tørre, sola skin så herleg, ein eim av bråtebrann kjem sigande, småfuglar kvitrar og syng det hjarte og røyst kan bere, og der fann eg den fyrste Tussilago farfara i år - leirfivelen! Eg kjenner eg vert yr av glede, vårkraft og livslyst, og
når kjærast og hund set seg i bilen og køyrer nordaustover for å feire påska langt og høgt til fjells i ei veke - opnar eg glasa på vid vegg og fyller huset med rein, varm luft (medan eg nyttar det lukkelege sinnelaget til å plukke opp hundelort frå plenen, ei frydefull oppgåve når ein er i slikt lag og berre vil vere ute; og når ein ikkje har meir hage å pusle med enn den 3x1,5 m store plenbiten ein har leigd i hop med huset...)

No sig fredagskvelden inn, og eg skal kose meg med ein stor kopp grøn te, ein haug med ullsokkar som treng stopping (LA OSS SLÅ EIT SLAG FOR STOPPING AV SOKKAR! Det er ein av parolane mine ;-) - og ikkje minst, ein ny episode av Road to Avonlea.


Sarah Stanley, Hetty og Olivia, og Jasper Dale sjølvsagt. For ikkje å tale om Felicity, Felix og vesle Cecily, borna åt Janet og Alec King. Ringjer bjøllene?! Dette er etter mi meining ein av dei flottaste seriane som har vore synt på NRK, truleg sist på '80-talet. Som alt anna av god kvalitet er sjølvsagt Vegen til Avonlea fyrst og fremst ei bok, av Lucy Maud Montgomery (du veit, «mor» åt Anne with an e (Anne frå Bjørkely)), men det er også ein herleg film frå eitt av dei vakraste landskapa som finst – Prince Edward Island i Canada. Blått hav, gylne strender, bylgjande kornåkrar, frodige lauvskogar, kvite vintrar – og estetisk fortreffelege landsbyar. Men no kan eg ikkje vente lenger! ;-)

mandag 10. mars 2008

Berre ein te...


http://www.flickr.com/search/?q=mug+tea&page=5

Alle har vel veike sider. Vel eg å tru. Overflatiske veike sider, slik som når ein sit ved dataskjermen og skal skrive seriøse notat, men med internettet i bakgrunnen ikkje greier halde seg frå å kikke på bloggar og sjekke epost. Eller som når ein er på bytur og ikkje kan la vere å ta turen innom ein av yndlingsbutikkane når ein går forbi, den med allstøtt skiftande og spennande utstillingar i glaset.
Og - når ein står der med høge hyller på alle kantar, med synet av ein materialisert regnboge og allslags vedunderlege ting - ikkje kan la vere å plukke ned éin av dei, og sidan gå omkring med ei glede i veska heile vegen heim. For meg gjeld dette to ting (med to ting i parantes).
1. Te
2. Garn
(3. Vakre koppar)
(4. Fine boksar å ha teen i).

Sjokolade i matbutikken - ikkje noko problem. Ei ny, lekker bukse - pfff. Sko? Ha! Neitakk. Slektar meir på Ugla enn Lilledora der, ja... Men te! Kinesisk Pu Er, den mørke med smak av vårkveldar på sykkel, den grøne japanske, Bancha Hojicha, som får tankane til å fly vest, mot hav og tang og grøn sjø. Eller Wu Long-teane, halv-gjæra og lettare, reinare, meir ekte enn fyrste haustsnøen ein mørk oktoberkveld. Eller kva med ein urtete - peparmynte som gjer hugen lett, sitronmelisse som får freden til å senke seg, lakrisrot som berre gjer godt og gjer kvar stund til ei lita lukke å bere med seg i lomma resten av dagen.

Det er berre å innrømme - eg var i Oslo førre dagen, business not pleasure, men kom lell heim med veska full av gleder - krydderte, økologisk hylleblomdrikk og 400 gram lammeullsgarn frå Askeladden/Nøstebarn. Og no sit eg her med tekoppen og spitet mitt, og er rett og slett lukkeleg og nøgd.

torsdag 6. mars 2008

Tunn forklåring...


      Bestefarstrøye frå www.nostebarn.no

Det har gått i smått den siste tida, med tunne bambuspinnar og tunt garn i naturfargar - slik at små, små plagg sakte men sikkert har teke si fine form. Då eg tok til å strikke ei omslagsjakke frå Nøstebarn til ei heilt fersk og nett lita pi', tenkte eg at Ah - snøggstrikk, det måtte vere barnestrikk. For det er jo så smått! Den dårleg grunngjevne idéen botnar i røynslene med Alafos Lopi og STORE, TJUKKE fiskartrøyer til vaksne, store menneske. Med tjukke pinnar og etterkvart for lite fang å ha det heile i, når stasen var raglanfelt og berre kragen stod att. Men, eg har vel kome fram til at "omfanget av strikkinga er konstant" eller noko slikt, då pinne- og garntjukkleik veg opp for storleiken på plagget. Variasjon er med andre ord tingen. Frå eit flettemønster-skjerf til kjærasten i februar, i eskimogarn og pinne nr 6, er det no attende på pinnar 2,5 og askeladdgarn frå nøstebarn. Naturbrunt, herleg dus farge. Perlestrikk og flettemønster - ein dag, når digitaliseringa berre har nådd neste steg her i heimen, vil publiseringa verte fullførd.


Elles har bloggsurfinga den siste tida hatt skadeleg effekt på moralen min - synet av alle dei fine prosjekta og påfunna kreative sjeler har her til lands, har fått meg til å drøyme meg både attende,
og fram til eigne kreative dagar. Ei symaskin har aldri vore så ynskt som no, men med tanke på føreståande avsluttande eksamenar og tendens til tap av viljestyrke før slike hendingar,
ser eg det som klokt å utsetje alle slike eskapadar. Enn så lenge! :-)

Nøyer meg med å njote av andres gode; har tinga ei strikketøymappe frå Felisi og ventar i spenning.

mandag 3. mars 2008

"Vi misunner ingen..."



Sitatet kjem frå Helge Ingstad og boka Pelsjegerliv blant Nord-Canadas indianere. Orda skildrar kjensla dei hadde der ute i villmarka, same kjensla me får kvar gong me er på tur, stutt eller lengre. Den av å vere nøgd med det ein har, gleda og lukka over å få vere ute i naturen, i rørsle, i stilla og opplevingane og i gleda over det som kanskje er enkelt, men aller mest er viktig og gjevande: Mat når ein er svolten, kvile når ein er trøytt, varme når ein frys, eit varmt smil frå eit anna menneske, ei våt og varm tunge frå den vesle hunden, ein lukkeleg turkamerat. 

Med fyrste marshelga kom både lett snjofall, og strålande soldagar. Ein samvitsfull student skulle visst helst sitje inne og glo i tettskrivne sider om sjuklege dyr - men kjærasten fekk henne heldigvis til å ta til fornuft, og fekk lokka henne med ut i skogane. Laurdagen gav oss mjuk, urørd snjo, takdrypp frå ei einsleg koje ved eit islagd vatn - og eit snøgt blikk av ein brun liten lynkvikk skapnad. Det var den svarte og kvite med lang snute og skarpe sansar som fann minken under ei
lita bru, og fekk skremt han ut før han dukka ned i vassdjupet att. Ei flott oppleving!

Bål må ein ha, men sjølv beintørr og utgamal furekvist var rå denne dagen, så fyringa var ei utfordring. Etter å ha sanka i hop det som var av tørrkvistar, nokre nevar bjørkenever, og til slutt funne ei tørr furerot som me fekk saga av og spikka opp, og etter iherdig pusting på glørne og varsame ilegg av nytt brenne - fekk me eit fint, lite bål! Eg og hunden våga oss utfor bratte skrentar ned til ei klukkande elv djupt nede i eit juv, kappsprang opp - og såleis vart me både varme, glade og fekk snart kokande vatn til turkakaoen vår :-) Kan ein betre ha det?