søndag 14. desember 2008



Når hovudet er tvangsstappa fullt av paragrafar, rygg og nakke stive og støle etter mangfaldige timar framføre dataskjermen og motet byrjar svikte sjølv om målet stadig nærmar seg - då er det godt å ha ein ivrig og logrande liten hund som så snilt bed "Vil du ikkje vere med ut ein tur og leike i snjoren?", og ein kjærast som finn fram ein ekte fakkel og tek meg med nord i skogen der det openberrar seg ein lavo - med tørr bjørkeved, granbar og reinsskinn. 

Ein liten time ute i snjoren, i mørket og bålrøyken, og med underlege fenomen-observasjonar - det gjev attende piffen og livsgleda og SNART vert det joleferie og ALDRI MEIR EKSAMEN.

O lukke :-)

onsdag 10. desember 2008



Vinteren er no verkeleg her, med mørke og kyl, skarpe stjernekveldar og glitrande snøsolkrystalldagar.  Kveldane byd på fyring i omnen, stearinljos og store koppar varm krydderte - men også friskt raude kjakar og glede ute i det fri.

I går var me reine polarfararane då me gjekk etter posten, med skinnluer og kanadasko, rim i augnevippene og 23 kalde kring nova. Det er så stilt og fredeleg her nede ved elva, berre fuglar og rådyr og ein snjobrøytar i ny og ne. Men då me gjekk for å bere inn to-tre vedfang her om kvelden, trur du ikkje me møtte på ein snodig skapnad plent der, i vedskjolet!

Ein liten luring såg det ut til, med raud ullhuve, reinsskinn og snøgge, små steg bortover mot skogen. Det er godt å vite at nissane enno held ut i fjos, løer og skjol, slik at også småfuglar, trauste hestar, varme, trygge kyr og snille sauer får noko ekstra omsut og godt no når året er på sitt mørkaste og kaldaste. Alle gardar treng ein nisse, ein flokk småfuglar og eit og anna rådyr over tunet - 



torsdag 27. november 2008

Fivrel i frost


Det er ikkje mange fivrel å sjå på denne tida av året.

Det er november, det er mørkt, det er kaldt (i alle fall relativt kjøleg, det skulle vore kaldt, men det er det sjeldan i denne "forunderlige by som ingen forlater før han har fåt mærker av den"), og det er ingen blomar å drikke nektar frå eller friskt grøne lauv å kvile vengjene på når sola står høgst på himmelkvelven. Dei einaste fivrela ein ser er brune og sprø og flagrar viljelaust i ein kald og kraftig kastevind; det er halvt ihopkrulla lønelauv, det er dauden utan sansar utan kjensler utan liv.

Lat oss likevel, eller kanskje nett difor - dvele eit lite grann ved desse vedunderlege skapningane.

Fivrel. Fjärild. Sommarfugl. Butterfly.

Dette er på ingen måte ein fugl, eller ei fluge - det er nærare bestemt ein liten personlegdom i riket Animalia, rekkja Arthropoda (leddyr), klassen Insecta og orden Lepidoptera.Det finst over 120 000 skildra artar av fivrel, og dette er såleis ei av dei større gruppene mellom insekta. I Noreg har ein funne meir enn 2000 fivrelartar. "Dagsommarfuglar" er dei fargerike, dagaktive insekta dei fleste kjenner som fivrel, og av desse har me mindre enn 100 artar i Noreg.

"Ved sida av dei fargesprakande og vakre dagsommarfuglane høyrer òg mange meir nøytrale og ofte natt- eller skymingsaktive artar til sommarfuglane. Desse «nattsvermerrane» eller «mòlen», som dei ofte blir summerte som, utgjer hovudvekta (92 %) av sommarfuglane, men er ikkje rekna som noka naturleg gruppe" (frå wikipedia)

Sjå på denne: Fivrelside på nett - observasjonar, fakta, galleri og flygetider.

Eg går ut frå at de kjenner til dei fantastiske arbeida til Eric Carle? I denne samanhengen tenkjer eg sjølvsagt spesielt på "The very hungry caterpillar." Frå dei fargerike teikningane i denne boka er det nok mange born som har lært seg kva metamorfose er, og kor fantastisk det er at ein larve kan verte til eit fivrel! Boka er nemleg omsett til 46 ulike språk, og finst i ei rekkje utgåver, i storleikar heilt ned til dei som har sider av tykk papp og små, små bokhungrande born kan leike seg med.

Carle har laga ei rekkje flotte bøker som både små og store kan gle seg over; eg kjenner at det kriblar i bok-organet mitt (det må vel vere hjarta?!) når eg ser omslaga på bøkene hans, og får ein nostalgi i sinnet som på same tid er vemodig og lukkestemd. Det finst så mange gode og vakre barnebøker der ute! Eg tenkjer Wenche Øyen, Oddmund Hagen, Beatrix Potter, Leo Lionni, Mette Newth, Max Velthuijs, berre for å nemne nokre bitte, bitte få. Men no har eg kome reint ut av det her. Berre ein siste ting - eg fann jammen ei bok av Hr. Carle eg aldri har lese, og som eg no offisielt ynskjer meg til jol: The lamb and the butterfly. Kva kan vere meir midt i blinken?!

Også saumen min har vorte påverka av dei sterke tendensane til lepidoptera. Dette er ein liten lurkik på eit seinare innlegg, som inneheld tråd og tøy og filosofering over kor flink ein kan vere til å disponere kveldstida si når ein ikkje har fjernsyn, er åleine heime, det regnar, er mørkt og radioen har mange fine program på www.nrk.no/radio

Inger Hagerup har skrive dikt om fivrel. Det same har Wergeland. Eg saknar derimot nynorsk fivrel-lyrikk, då eg ikkje kan anna enn å tykkje at nynorsk er så fint i dikt, og at fivrel er eit mykje vakrare ord enn sommerfugl. 

Ein annan som har skrive om fivrel, om enn på ein mindre romantisk-naiv måte, er Gert Nygårdshaug. Visste de at han har ei av dei største fivrelsamlingane i Noreg? Eller at den kjende boka hans Mengele Zoo handlar om nettopp fivrel? 

Eg har vore så heldig å fengje pakke i posten, juhu! Det er allstøtt så gama. Serleg når pakka kjem frå Bibliofiolen, for ho set i hop dei beste og gamaste pakkene eg veit om :-) Gjennom det siste året har det, merkeleg nok, byrja dukke opp fivrelting  blant det meste eg får frå den kanten. Td vart det fivrelmuffins og fivrelserviettar i eit selskap her tidlegare i haust. Mest alle bileta i dette innlegget er henta frå det som har kome frå den kanten. 

Det øvste biletet på bloggen i dag syner eit av dei venaste hand- og menneskelaga fivrel eg har sett, og eit slikt går eg med på kåpa mi kvar dag. Det kjem frå Hasla, ein flott sylvsmedverkstad og -butikk som held til i hjarta av Setesdal, men som i haust har opna ei flott avdeling midt på Grünerløkka her i Oslo. Eg vil oppmode alle om å ta turen innom denne stilreine, moderne og samstundes tradisjonsrike verksemda. Der kan du au lese Setesdølen og kaupe "leistar spita av gome" :-)

Med ynskje om ei god helg, og oppmoding om å njote siste novemberdagane.

Kva er vel betre då, når det regnar og blæs og er mørkt og fælt, enn å sitje inne framfor peisen, med varm kakao og lydbok og den eller dei ein er aller mest glad i tett inntil under ullteppet. For det er enno  lenge til jol, livet er stutt, ting har me nok av og huset er mest koseleg når det er passeleg rotete; enkle gleder og kos er det som skal til for å gjere dagen fullkomen. Varme, gode tankar til dykk alle! :-)
 

onsdag 12. november 2008

Saum

I heile vår gjekk eg og ynskte meg symaskin. 

Grunnen til det var nok delvis den grenselause inspirasjonen eg fekk av å nyss ha byrja lese bloggar, denne merkelege aktiviteten som får deg hekta og avhengig på 1-2-3, kombinert med eit uimotståeleg ynskje om å gjere noko anna enn å heile tida lese pensumbøker og skrive faglege notat. Eg hadde så lyst til å lage noko, skape noko, få fram noko nyttig!

Overgangen har vore hard, frå eit svært kreativt og praktisk år med all slags handverk på Fosen folkehøgskole; spinning, strikking, nålebinding og veving, garving av skinn og trearbeid - til studiekvardagen i Hovudstaden. Det er vanskeleg å drive med plantefarging på ein liten hybelkomfyr; for ikkje å tale om feittgarving av skinn og koking av borkelåg i timesvis. Takk og pris for det mobile handarbeidet - spitet mitt og nålebindinga er stort sett med over alt. Men no byrjar studiet nærme seg slutten, mitt umedvite indre sansar at Livet skal atter en gang forenes med mitt legeme og min sulteforede sjel, og eg har difor byrja vakne til att.

Eg har td koka bjørkebork på komfyren - men må vonbroten innsjå at einskilde kunster kan ha gått tapt i teoretiseringsprosessen av hjernen min, for det kvite anorakkstoffet vert ikkje brunborka og eg veit ikkje kva eg gjer gale. Fosen-anorakken min er nemleg gyllen bjørkebrun og meir om den sidan. 

Mor mi var fornuftig, som ho plar vere, og sa: "Men Fivrelet mitt, trur du no det er så lurt at du skaffar deg symaskin nett no i vår, du som har dei kliniske eksamenane dine rett rundt tre-fire månadshjørner og alt? Trur du ikkje at du heller vil kome til å saume enn lese då?"

Så sant, så sant. Sjølvsagt hadde ho heilt rett. Og klok som eg er (klok av skade eller klok av medfødd, arveleg vet, det veit ingen) - venta eg. Eg bia. Og las. Og tok eksamen. Men då eg ein vakker dag i august fylte år og stod med hendene i gjærdeigen og gledde meg til selskap med fine serviettar og te og sjokoladekake og alt som i verda vakkert er - veit du kva som hendte då? Eg fekk den gåva eg  hadde ynskt meg så lenge - ei symaskin! Ei Husqvarna Viking som kom i posten frå Ål :-) 

Og då er det klart ein vert inspirert! Og får så mange idéar og tankar og planar, og sjølvsagt les ein ikkje den store, tunge, tykke pensumboka DÅ, så takk og pris for moderleg innsikt i vår. 

Slik fekk eg høve til å gjere meg kjend i Oslos stoffmiljø.Me talar Grønland, me kviskrar om Tøyen og sms'ar om (og det skulle du kanskje ikkje tru) Riddervolds plass i Homannsbyen. For byen er full av stoff. Flotte stoff! Sikkert mange slags stoff, som alle gjev rus på kvar sin måte - eg var i alle fall i tøystoff-rus, der eg farta mellom kråmbuene og kaupte stripete stoff, gamaldags stoff, vakre shabby chic-stoff og fantastisk artige dyrestoff.

Kven kan vel stå i mot det sjarmerande hundestoffet de ser her øvst?! Ikkje eg. Dét vart til ei hendig lita A4-notatbok-tilpassa veske til ei hundeelskande veninne. 

Ei anna veninne er system-frik som meg (ORDNUNG - i det minste når det høver...), og kva anna får ho vel då enn eit snilt (vallemål), nett (trøndersk), hendig og søtt (oslosk reklamemål) strikkepinneetui. Ei sneise-seng! Her ligg 2,5 - 3,0 - 3,5 osb fint på rekkje og rad og søv sin søte sneisesvemn, medan dei drøymer om intime omgangar med alpakka, mohair og god, gamaldags, ru ull. 

Det vert mykje prøving og feiling for ei som aldri har lært meir saum etter at symaskin-sertifikatet var unnagjort i tekstilen (faktisk er eg ikkje viss på om me hadde dette ei gong, eller om eg berre har adoptert idéen frå andre sine soger...). Eg er flinkare med vicryl 2-0, nålehaldar og levande vev enn med symaskina iallefall - men med ein del meir trening skal du sjå eg får like sirlege uttrykk i tøyet mitt, som kattane har under buken når dei har vore inne og fått fjerna eitpar eggstokkar og anna stæsj ;-)  

søndag 9. november 2008

Fargesyn



Eg likar best jordfargar. Naturfargar. Sauefargar. Brune, grå, svarte tonar; lanolinkvitt og fjordingfarga, mosegrønt og lyngraudt. Og det ser ein lett, anten ein tek ein kikk i klesskåpet eller garnutvalet mitt.
Og lagar eg meg eit plagg i kombinasjonen ull og naturlege fargar - den brune islendaren til dømes, så kan du vere viss på at eg går med det så å seie dagstøtt. Eg har sagt det før, og eg vil seie det mange gonger att: Ull er gull.



Men det kan jo vere gama å freiste noko ANNA stundom au. Tenkte eg. Og skulle prøve meg på Fargar. Det fine med natur- og jordfargane, er at alle passar saman. Nyansane høver i hop, det vert harmonisk og fint uansett. Slik er det ikkje med andre slags fargar, og eg var spent på kva utfallet ville verte, då eg - i løpet av tre ulike garnbutikkbesøk, skaffa meg dette garnet.



Det er fleire veninner av meg som har gått med fine, store, kule magar i haust, og slik kom Askelad-garnet til å verte små barselgåver som snart skal sendast av stad. Og sjå her - er det ikkje utruleg, kor ulike uttrykk dei same fargane, i ulike kombinasjonar gjev? Den ljose blå, asurblå er felles i alle, og kombinert med høvesvis mørk blå, mørk grøn og ljosegrøn.





Det vart ei god røynsle og fine små luer, så eg tenkjer det vert både brune, grå, raude og blå tonar i garnhylla framover.



søndag 2. november 2008

Kjensla av Haust


Ute var det mange minusgrader og snøen låg som eit kvitt dekke over grasstubb og steinar. Skumringa byrja alt i firetida, og det var ikkje lenge før det var heilt mørkt utom glaset. Men inne var det godt og varmt, i omnen spraka det godt frå den tørre bjørkeveden, talgljosa lyste opp i glaskarmen i kjøkenet og kjensla av Haust fylte alle krokar. Berre ein ting mangla: Eplekake! For det vert ingen retteleg fredagskveld i slutten av oktober med mindre ein har lun eplekake og rykande varm krydderte!


 Bibliofiolens Spesial: Rom og rosinkak' med eple

Legg 100 gram rosiner i ei skål og ha over 4 matskeier rom.

Kutt opp 4 store eple i båtar.

Rør 150 sukker og 150 margarin kvitt, og ha i to egg.

Vend 150 gram sikta kveitemjøl og 1 ts bakepulver inn i røra.

Legg halvparten av deigen oppi godt smurt form. 

Fordel eplebitane og rosinane oppå, og legg så resten av deigen over.

Deigen er  nokså seig, men det gjer ingen ting om han ikkje dekkjer heile forma, dette årnær sæ når kaka står i omnen.

Til slutt har du på omlag 50 gram valnøter  på toppen, og strør med noko lite perlesukker.

Steik på nedste rille i omnen, 175 grader omlag 1 time. 

Kos dykk! 

lørdag 25. oktober 2008

I vinden


I dag har eg vore i vinden!

Med flagrande hår mellom dansande trekroner, og med snøgge steg over gamalgult lauv.  Vel inne i huset att sjuga beinlausen kring nova, ruska i taket og la seg mot glasruta så ein radt kjende vinden var på veg inn! 

Det er mange som har vorte inspirerte av slike luftmassar i rørsle, og mange assosiasjonar og liner sprett også opp i hugen min ved tanken på vind. Det vert vanskeleg for meg å velje, når det står mellom Hauge, Garborg og yndlingstullediktet mitt frå ein god del år attende i tid. Men, køyr på, køyr på seier mitt indre, ein overdose poesi må folket vel tole. Det er som når eg tek meg ein durabeleg støyt tran, etter å ha gløymt det ei vekes tid. Ta att det tapte. Correct me if I'm wrong når eg trur at Folket ikkje har for vane å sköta sin själ med dagleg poesi. Eg seier det berre, rett ut, lyrikk og (torske-) lever, av dét treng ein daglege dosar for å best mogeleg ivareta sitt legeme og sin sjels helbred.

Me byrjar klassisk. Eg har i løpet av denne komatøse dataperioden vore på Jæren, og når i tilleg Ruskeveirdiktet, som eg likar å tenkje på det som, er eitt av dei fyrste som kjem meg i hugen når det sjugar og beinlausen ranglar, då er det ingenting som høver betre.

Veslemøy ved rokken 

D'er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.

Der ligg han trygg og drøymer
Og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.

Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.

Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mèl.

Ein kan aldri tenkje på vind utan å tenkje på Olav H. Iallefall kan ikkje eg dét. Olav og biletvevarinna som gav honom ei plate med Bach og Händel. 

Du var vinden

Eg var ein båt utan vind. 

Du var vinden. 

Var det den leidi eg skulle?

Kven spør etter leidi, når ein har slik vind! 

Til slutt eit, etter mitt hovud brilliant lite vers. Eg minnest ikkje skrivaren, orsak, men diktet er eitt av dei eg ber med meg og vert glad av kvar gong eg finn det for godt å seie det høgt. Eg hugsar godt fyrste gong eg las det - hoho, tenkte eg, fjellet i tralten sin, og så kyllingen då! Dette er det ultimate påskediktet (men det kjem med her på grunn av den fine solgangsbrisen til slutt)

Fjellet veit ikkje det er påske.

Det held det gåande i same tralten.

Og så kyllingen, stakkar, som var blitt slik i vinden! 

Ha ein framleis herleg haust, der ute i vinden, og hugs:

LØV is in the air! God helg ;-) 

Alle bileta: www.flickr.com

tirsdag 21. oktober 2008

Faderullan

Eg får FNATT og vert GAAL.

Det er i dag 24 dagar (forøvrig eit lukketal, men ikkje i denne samanhengen, nei ;-( ) sidan eg levera den *X@!!¤§ maskina til Telebutikken Ullevål (eg ser ingen grunn til ikkje å ureklamere for dei om dagen). Då eg levera, sa dei at reparasjonstid og sending fram og attende og alt ville ta 14 dagar, maks 17-18. Eg har vore TOLMOODIG, og ikkje masa mest nokon ting, men i dag ringde eg.

"Åå, ja, hva var navnet ditt igjen? Og telefonnummeret? Hva gjaldt det, sa du?" Ho skulle ringe oppatt når ho hadde funne ut av denne INTRIKATE saka (=kvar er maskina no, og kva er status.) Etter mange timar hadde ho framleis ikkje ringt, og eg ringde på nytt. EG HAR BESTEMT MEG FOR Å VERE STRENG. Det er nemleg eit stort problem å vere skrivemaskinlaus! To oppgåver ventar på meg, og varsellampene som set i gong når det er på høg tid å kome i gong med skrivearbeidet, dei har allereie blinka ei stund. Nett no står dei og lyser intenst! Innleveringsfristen nærmar seg, og pulsen aukar. Skal eg byrje å skrive for hand?! Som i gamle, IKKJE gode dagar, for kor lang tid går det ikkje når ein skal skrive 7 utkast og misser klypp-og-lim-funksjonen slik at ein faktisk må skrive av alle lov- og forskriftstekstane frå lovdata.no.

Eg ringde på nytt altså. Det var ei ny dame. "Hva gjelder det, sa du? Hvem har du snakket med? Hva var navnet igjen?"

Kjære Telebutikken, eg seier det berre, De høyrer frå meg! Om ikkje to-tre daglege telefonoppringjinar er verkemiddel godt nok, lyt eg byrje å troppe opp i butikken kvar ettermiddag på veg heim frå skuledagen. Butikken er liten som eit kott, og DET skal de vite, at eg sit ikkje i eggeskalkvite auditorium og luktar parfyme heile dagane lenger - hånei, her er det besetningsmedisin og storfe på fullfôr og i høglaktasjon som gjeld, og då talar me kusjit! Flytande sådan. Det kan hende mitt Daglege Grimme Åsyn vil få fart på fisen.

Og for å ha det sagt: JA, denne daud-datamaskin-episoden støttar ABSOLUTT opp under mitt hat mot tekniske ting generelt, og tekniske ting som ikkje fungerer spesielt. It feels baaad -

mandag 29. september 2008

Alvorleg, men stabil

Datamaskina mi har gått inn i koma. Ho vart treigare og treigare over nokre dagar, og brått festa pila seg midt på skjermen og kunne ikkje least meir. Etter mykje om og men og fram og attende med butikken maskina kom ut av, er ho no levert inn - "på sjukehus", og mi vurdering av stoda og status er "alvorleg, men stabil". Doktoren sa kuren tok 3 veker, så eg må smørje meg inn med tolmod.

Faderullan.

Så det vert nok stilt ENDÅ ei tid framover er eg redd. Og så eg som har laga så mykje fint å syne fram, og har så fine haustfargar utom glaset. Jaja.

tirsdag 9. september 2008

Smårips og solsikker











Need I say more?

Jo, kanskje dette: Hadde ein kunne levd på solsikkestilkar og rips, ville me gått vinteren trygt i møte. Men skulle ein pynta med poteter og hatt skvåsj med vaniljesaus til dessert, hadde det nok både sett ut og smaka heller tamt er eg redd... Heldigvis er me velberga med både estetiske og gode gulrøter, frodig lauk og sukkererter nok til ein himmelsk hærskare :-)

torsdag 4. september 2008

Gjer ein annan mann ei beine




Han kom or fjellet, skulde heim,

fekk føring ifrå Osa

ut til Øydvinstò.

Og han var raust

og baud betal.


Men Osamannen

var ikkje fal:


Eg vil betala;

eg kan ikkje nå deg

med ei beine att.


So gjer ein annan mann

ei beine då,

sa Osamannen,

og skauv ifrå.

                                             Olav H. Hauge



Kjenner dikt-hyrnet er ein god stad å vere om dagen.
Då eg kika gjennom bileta frå Vestlandsturen og fann desse frå Osa, sa det seg sjølv. 
Eg kom også til å tenkje på dette med å gjere einkvan ei beine -

Då eg gjekk heim frå skulen i dag, kom eg forbi ein liten veg der det stod ein rullestol i grøfta. Stolen var tom, men beint nedom låg det einkvan. Det var ei kvinne, vaksen, gamal, mager og med fillete klede. Ho var så veik - sikkert kald, sikkert våt, men ville ikkje ha hjelp, ville ikkje opp. Orka såvidt tale, kunne fortelje ho var utskriva frå sjukehuset i dag tidleg, var på veg til sosialkontoret. Kor lenge hadde ho lege der? Dei fleste berre strena forbi - ettermiddag, veit du, travelt, heim frå arbeid, heim til middag og kaffikoppen. Heldigvis var det ei til som kom og stod der saman med oss, me fekk ringt etter sjukebilen og ho fekk vonleg den hjelpa ho trong. 

Det var så vondt å tale med henne, ho var så motlaus, vonlaus - ville ikkje ha hjelp, ville berre liggje der, orka ikkje meir. Det var vanskeleg å høyre kva ho sa, men ho fortalde at ho ikkje hadde nokon, og i går hadde dei tvangsinnlagt henne. Ingen stad var heim. Ingenting var verdt noko.

Kvifor er me så redde for å stogge opp? Når einkvan ligg der hjelpelaus og åleine. Redd for å verte involvert? Redd for å få riper og arr i hornhinna, få uklåre soner i den perfekte verda ein elles går omkring og er konge i? Det er utruleg trist. Det hjelper ikkje å blunde. Hjelper ikkje å sove. Du skal ikkje sove, men heller gjere som Osamannen - og ein dag er det kanskje du som får ei beine att, når du treng det. 



Stream nest. Alle bilete frå Osa, inst i Hardangerfjorden, juni 2008