torsdag 16. september 2010

Det som er -

Eit år har gått, og så var det haust att. Gulnande lauv, raudnande blåberlyng, den skarpe lufta om morgonen møter kinnet som eit fjernt minne du aldri trudde du skulle gløyme. Den veike angen av røyk, den varme vissa om ungar som vaknar til knitrande omnsvarme og eit mjukt saueskinn å krulle tærne nedi når dei set små, mjuke fotsolar mot kalde golvplankar. 

Det er noko serskilt med hausten; for meg er dette årstida med ein nyanserikdom større enn alle dei andre. Det er årstida for sansane - for lukter du kjenner att, melodiar av stille, fargesmakar, lukkesyn og ei kjensle som ikkje berre sit i fingertuppane, i den mjuke huda på kjakane - men ei kjensle som går djupt, så djupt som ei kjensle kan gå. Inn i det som er, det som kjem att, og det som allstøtt vil vere -

Hausten har så mange lukter, så mange angar og eimar som driv gjennom lufta. Den fuktige skogbotnen dekt av gult lauv, ein skoddegrå og mystisk oktoberdag med varm ullgenser og korg fylt av sopp. Det er dei tørre skogsvegane i solskinet, ei aning av hest og lær. Morgonen du vaknar og kjenner på lufta at vodden vil vere rima når du kikkar ut glaset; kvelden du kjenner ei var lukt av at i natt vil det kome snjo på fjelltoppane kring bygda der du bur. 

Ikkje er det berre luktene som er rike og mange, det same gjeld lydane. Den kalde lufta tykkjest gjere alt så klokkeklårt og reint, som om nokon har skrudd opp diskanten og fjerna dei buldrande basstonane frå flaumane i vår og torevêret i sumar. Det er stille, fullstendig stille, berre avbrote av lyden av skjerevenger som flaksar forbi og føter som landar på løetaket. Eit eple som losnar frå greina si og dett med ein dump lyd mot graset under. Ei einsleg sauebjølle når ei morgonfrisk søye ristar av seg natta og byrjar beite. Eit lam som blæktar, så skøyrt, så nære at ein mest kunne ta lyden inn mot bringa og famne om han, vogge han; vissa om kva som kjem, vissa om det som er uvisst for oss alle. 

Spurde du meg korleis hausten er å ta og kjenne på, ville eg svare deg slik: Hausten er glatte, saftsprengde søteple å plukke med fingertuppane frå den øvste greina du mest ikkje rekk, ikkje før du har strekt deg, strekt deg - og sjølv om det er på nære nippet å misse fotfestet, greier du det - gong etter gong etter gong. Den ru apalstammen, den siste veden som skal berast i hus. Hausten er varm, mjuk saueull, dampande i fjoset etter turen heim frå vodden, varm mot kjaken, mjuk mot lóvane som grev seg djupt inn i fellen, inn mot den rolege, gode sauekroppen. Hausten er regnvåte, iskalde fingrar som tek opp gjerdestolpar i skumringa, og den prikkande kjensla i varmen etterpå, hender strekte mot omnen der sumarsola brenn i lògar av bjørkeved. 

Augo vil heller aldri kunne mette seg på hausten. Endringane frå dag til dag. Graset, lauvet, blomane. Fyrst dei brennande fargane, deretter falminga. Dei grøne jordene som vert moldsvarte bak traktoren, dei bylgjande, gule kornåkrane som brått står att som naken halmstubb, utan vern mot ver og vind og mørke netter. 

Har du kjent smaken av haust? Åh, alle kjenner smaken av haust - ingenting er så friskt og fyldig og nærande og varmt, som smaken av haust. Det er no me skal hauste! Det er no me skal få løn for alt strev, lukke for alle bekymringar. Syrlege, saftfylde, søte eple! Mjuke, blodraude plommer. Saft og sylte, mos og gelé, pai og muffins og alt godt som er, for eit heilt år - dét skal me syte for no! Grønsaker skal opp or jorda, kjøt skal saltast og mørnast. I skogen finn me ber og på heia, i bjørkeskogen, på den løynde staden ingen får vite om, der veks gullet, det låge, bortgøymde, fantastiske kantarell-gullet. 

Heime om kvelden, det mørknar tidleg no; i gangen heng dei jord- og skogsangande ullgenserane me har bruka ute heile dagen. Hunden ligg lukkeleg og søv, flat og varm framføre omnen. Det sprakar, det varmar, og frå kjøkenet kjenner du himmelske lukter, inkje mindre. 

I steikjepanna ligg elgbiff og kantarell, i gryta kokar nye jordeple. Grønsakssuppa frå hagen står og godgjer seg for dei som vil ha - gulrot, purre, blomkål, lauk, erter og kål; og til dessert er det lun eplepai. For ein herleg dag me har hatt! For ei herleg årstid det er! Og så vedunderleg, velsigna heldige me er, som har alt dette. 

fredag 11. september 2009

Eg har ikkje gløymt dykk.

Eg manglar heller ikkje episodar eller bilete å dele med dykk alle saman; hendingar frå eit mangslungent Herriot-liknande dyrlækjarliv i bygde-Noreg, eller bilete av dei nydelege små kjuklingane våre.

Det eg manglar, er nett. Ein verdsvev å boltre seg på. Tid også, for den del, men tida skulle eg vel funne om bylgjene frå internettet hadde nådd oss. Slik gjekk det altså å flytje ut i distriktet. Å flytje til eit gamalt, shabby (men IKKJE chick't) (muse-)hus (den soga fylgjer seinare) medfører slikt. Huset leiger me, og her er ikkje telefonliner inn (noko som fortel ein heil del - slik som at ja, det var ein gamal mann som budde der før, og etter det eg kan skjøne lever gamle menn kjedelege liv, for dei har korkje telefon som dei kan skvaldre med vener og familie med, eller internett å surfe seg gjennom verda på. Så har dei kanskje eit tun med småfugl å underhalde seg med, ein elg nedi hagen og mus som gjer sirkuskunster på kjøkenbenken, men eg seier nå som vår ven Brumm - ja takk, båe delar).

Mobilt nett har me, jøss då, me fylgjer då med, men kva hjelper det når det knapt nok er dekning og ein må springe omkring i stall og løe og ytst i hagen for å finne dekningssoner. Slike stadar har til gjengjeld ikkje straum, så då vert gleda stuttvarig.

Kva så med dette innlegget, spør du? Ah, det er Dyrsku-helg i Seljord, og alle husdyreigarar tykkjest vere så opptekne av å stelle og style både ku og geit at brunsten vert ignorert, jurbetennelsar lækjer seg sjølve og eg kan lure meg til å skrive eit lite blogginnlegg i telefontida.

Me kryssar alle fingrane for at eit småbruk snart fell ned frå himmelen til oss, at me får kopla oss på det breie bandet, og at alle sogene snart kjem ut til ålmenta. God helg!

måndag 25. mai 2009

A change is gonna come


Også her, i dei små og dulde avkrokane, i dei bortløynde dalane og blant småfolka ingen andre kjenner; også her, blant ertefrø og erterbrød, mellom reisverk og panel, over nasen på sauebikkjene og under den mektig fermenterande rumen åt ei heilblods NRF-ku - er det endringar på gong.

Det sildrar gjennom skyene, det brumlar over berg; det knakar, knitrar, summar, trillar. 

Småbruket er til sals. 

Studia er over. 

Verksemda registrert. 

Flytjebilen tinga. 

[www.vaga.kommune.no]

Her kan du sjå lysinga for småbruket på finn.no

NB - Les heller prospektet enn lysingsteksten (du finn ein peikar til dette på høgresida), og sjå kva hardt arbeid og det å ikkje gje seg så lett kan føre fram til.

Den som sier at eit eigedomsprospekt ikkje kan vere på nynorsk, har eigedomsmeklarane samrøystes i ryggen. Å seie jatakk og amen til det fyrste ein eigedomsmeklar fortel deg, er å skyte seg sjølv i vitale kroppsdelar.  Sjølvsagt kan, og bør, eigedomsprospekt vere skrivne i den målforma oppdragsgjevaren nyttar! Såleis går dette inn i rekkja som nok eit døme på at ein ikkje må gje seg; ein lyt vite kva ein står for - og halde fast ved dette. Det er eg viss på ein vil vere glad for både her og no, og i lengda. 

[Her skulle det vere ein høveleg illustrasjon over emnet eigedomsmeklarar. Men det kunne jo ikkje nytte.  Difor set eg i staden inn eit bilete av noko av det aller beste denne årstida har å bjode på ;-)

http://www.flickr.com/photos/97705796@N00/3493076222/]

Om berre eit par veker, går denne vesle, umerkjelege, uvesentlege, men verkelege Verda - den Verda eg kjenner som mi, inn i metamorfosens merkverdige nestestadium.

"Farvel, Hovudstaden, hjå deg var eg gjest".

Dét fortener eit heilrøversk Ronjavårskrik!

Med ynskje om vene og vêrrike vårdagar til alle lesarar; på attersyn!

tysdag 3. mars 2009

Sjela treng føde og lekamen klede


Då er det på tide å syne fram produksjonen frå den siste tida. 

Ullgenseren over er strikka i Àlafos lopi, vart ferdig til jol og tilhøyrer mannen i huset, men eg fekk æra av å vere modell.

Àlafos lett-lopi gav ein noko tunnare og lettare genser, og eg er svært nøgd med resultatet!

Mønsteret til både denne og genseren over kjem frå eige hovud.  

Når ein går mykje og langt på ski høgt til fjells, og serleg når vêret er sers kaldt og blåsande, treng ein gode vottar. Såkalla polvottar i kunststoff kan berre ha det så godt. Det er tykke, heimespita og tova ullvottar med vindvottar i bomullsstoff utanfor som gjeld. Og ser de på storleiken her (før toving, men lell...), skjønar de kven av oss som er den som går lengst og mest på ski ;-)

Anorakk er det neste som trengst. God gamaldags bomullsanorakk som gjer at ein kan gli rett inn i eit bilete frå Johansens tur, frå fastfrosne Fram mot Nordpolen i 1895.

Same bomullsstoff vart bruka i vindvottane og anorakken, men som de ser under farga eg anorakkstoffet. Tidlegare har eg bruka bjørkebork og farga stoff på same måten som ved garving av skinn, men av ein eller annan uforklårleg grunn gjekk ikkje det då eg freista (fleire gonger) i haust. Kan det vere fordi borken ikkje var hausta på rett tidspunkt? At bjørka var for gamal? At dette stoffet ikkje tok opp farge like godt som bomullstoffet eg har bruka før? Uvisst. Endte iallefall opp med å bruke tekstilfarge. 

Den 14. mars 1895 byrja Johansen og Nansen turen i lag med hundespanna sine for å nå polpunktet, men innsåg 7. april at den stutte, arktiske sumaren ikkje ville vere nok for å nå heilt fram. Dei var då på 86° 04', det nordlegaste punktet noko menneske til då hadde vore. 

Tunge tider venta, men dei kom fram til Frans Josefs land der dei overvintra, og overlevde på tran, kvalross-spekk og isbjørnkjøt. Sumaren 1896 heldt dei fram sørover, og det var nærast eit mirakel då dei på Kapp Flora møtte Jackson som leidde ein britisk ekspedisjon der. Nansen høyrde menneskelege røyster og lydar, og sprang til i retninga lyden kom frå. Langt der borte såg han små menneske, og dei visste då at dei var redda. Nansen og Johansen gjekk ned og bort til dei. «How do you do?», sa Mr. Jackson.

Nansen og Johansen fekk sidan skyss med den britiske forsyningsskuta «Windward» til Nord-Noreg, og kom til Vardø 13. juli 1896, éi veke før Fram med Sverdrup til rors kom til Skjervøy. 

Ragnar Kvam jr. har skrive boka "Den tredje mann" om Hjalmar Johansen, som også var med Amundsen mot Sørpolen i 1911. Denne kan eg sterkt tilrå, kanskje serleg som lydbok! Ingenting er som å høyre ei bok samstundes som ein målar, ryddar, køyrer bil, spitar eller bakar brød. 

torsdag 26. februar 2009



Så lyt vonbrotet ut også til heimskringla forøvrig - familieauken gjekk ikkje heilt som planlagt, og det vert såleis framleis berre oss tre i heimen. Vonbrotet er stort, om ikkje heilt uventa, for er det ein ting som er sikkert når det gjeld biologi, så er det at ingenting er plent som ein trur eller ventar. MEN! Om fire månader er det løpetid att, og då spørs det om ikkje me finn tak i ein staut gjetarhund og freistar lukka på ny :-) 

Elles er det Fantastisk Februar her oppe i Vinterlandet som eg atter ei gong har sett snuten mot. På kjøkenet sit eg med matbordet fullt av permar og ark som flyt - no skal resultata frå feltstudie og epidemiologiske undersøkjingar inn i tabellar, eg skal boltre meg med diagram og figurar i excel, og diskusjonen skal skride fram med sine velformulerte konklusjonar og korrekt refererte litteraturtilvisingar. Fjuh, det er jammen ikkje berre berre å skrive Fordjupingsoppgåve! (For å sitere Henning Solberg: "But, but, it isn't only, only"). 

Andre stadar i huset er det Revolusjon på gong - trappa i gangen er borte  og ein bratt stige gjer nytta som bindelekken mellom fyrste og andre høgda - med andre ord er IKKJE svevndrukne turar ned på do klokka tre om natta tilrådelege. Elles har omnen vore borte ei stund, og i dag sette me inn ein ny Ulefos etter å ha måla brannmuren, fått ny skiferhelle under og nye omnsrøyrar på. Men trur du ikkje at det svårte på røyrane FLASSA AV etter 15 minutts fyring. Så den fine, svarte røyren står no med eit gapande, galvanisk grin midt i den fine, nymåla gangen. Då er det berre på'n igjen, køyre bil ein time for å få tak i nye, rive røyrane, få sot over alt, vaske på nytt... 

Mange illrøynsler kan delast med andre for å bidra til læringsprosessar - td er det ingen god idé å pusse golv med pussemaskin UTAN støvpose på. Med mindre ein treng ei orsaking for å få  vaska heile huset sitt veldig grundig. Det får ein nemleg gjort, i ein uvanleg grundig støvsuge- og vaske- og -tørkeprosess. Kvar minste krinkelkrok. Men du og du, så fint det vert etterpå :-) 

Elles er det gardinsauming på gong, eg har vore så lur å ta med meg symaskina frå Oslo til Vinterheimen, og har såleis planar om å sysle noko i det små med saum, mellom anna, no når me brått fekk så GOD TID framover... 

Forresten har eg kaupt meg bil sidan sist! Den må eg jammen flashe i neste innlegg. Gled dykk! 

Bibliofiolen delte ei herleg oppskrift med oss førre dagen, på LAUP, og det har me kosa oss med i dag. Ferske, mjuke, med ein nydeleg anis-kryddersmak. Takk for tipset! 

søndag 15. februar 2009


Det vert visst stilt lenge om gongen herifrå - dagane, kveldane, helgene, vekene er fylde med alt mellom himmel og jord. Fyrst og fremst lange skuledagar og skriving av hovudoppgåve (er det ikkje det eine, så er det det andre, og er det ikkje saueoppgåve, så er det team-/leiingsoppgåve, kursrapport eller journal).  I tillegg er det mange og hektiske freistnadar på å nyte og nytte vinteren og snøen medan han enno er her, treffe vener medan eg enno er her, utnytte Oslo medan studenttida enno er her - osb, osb. I tillegg har me i det små byrja førebu oss på at det kanskje, vonleg og truleg kjem nokre nye, små familiemedlemer etter kvart; som ein del har fått med seg var Vispi så heldig og fekk vere på kjærleiksferie i Solør i jola, og i slutten av februar bør både heim og folk vere fysisk og mentalt klare for eitpar intense småbarnsmånader. 

Elles tenkte eg å vise nokre glimt frå kor fint det er i ferd med å verte i Huset! Snikkaren har vorte 50/50 snikkar og målar, og har etter fleire månaders iherdig innsats vorte ferdig med heile 2. høgda. No er han i full gong med gangen nede - det skal ny panel på veggane, denne skal målast, trappa skal rivast og fiksast og målast på nytt, og golvet skal slipast og få ny overflatebehandling. Er han ikkje flink?! Eg tykkjer nå han er heilt super :-)

Her ser de bilete frå eitt av soveroma oppe - artig å sjå kor forandra eit rom vert med nye fargar!  

laurdag 24. januar 2009

"Denne bloggen investerer i og trur på NÆRLEIK - nærleik i rom, tid og tilhøve!

Desse bloggarane er uvanleg sjarmerande og søte, og føremålet er å finne og å vere vener.

Dei er ikkje opptekne av utmerkjingar og sjølvhevding.

Me vonar at når banda frå desse utmerkjingane er knytte, vil endå fleire venskap ha vorte skapte.

Ver god og gje noko ekstra merksemd til desse!

Gje utmerkjinga vidare til nye bloggarar som så må velje seg 8 mottakarar, og legg ved denne teksten i utmerkjinga deira"

Tusen takk, Lilledora

Eg vil gje utmerkjinga vidare til 

Kathrine

Ragnhild

Astrid

Torunn

Torill

Maritmor

og sjølv om dei har fått denne før, vil eg heidre Bibliofiolen, Lilledora, Høvleri og Skravleri og Landsliv, som eg fylgjer med på bortimot dagleg :-)

For leenge sidan fekk eg ei utfordring frå Astrid, og det er på tide å fullføre oppdraget! 

4 jobbar eg har hatt:

1. Alt-mogeleg-person heime på garden, frå og til i mange år.

Her er det mykje ulikt i arkivet, men eg hadde serskilt ein del suksessfylte periodar som lukar i epleåkren (jordeple), der meldestokk og kvassdå måtte bøte med livet, i tillegg til vassarve, balderbrå og kveke, forbaska kveke med lange og djupe røter. I tillegg gjorde eg det skarpt som vedtransportør. Lesse opp hjulbora, trille opp løetroppa, tøme lasset i vedskjolet. Trille nedatt. Lesse opp hjulbora, trille opp løetroppa, tøme lasset i vedskjolet. Trille nedatt. Lesse opp... For kvart x'te lass hoppa eg sjølv inn i vedskjolet, og sat der og lodde veden kring veggjene, så det skulle verte betre rom.

Eg kunne nok skrive ein heil epistel om ved og ymse psyko-sosiale meiningar omkring emnet, røynsler med og forklåringar om - td korleis vedarbeid utviklar evna til formsans (å lø eit godt la er ei høgverdig kunst!), og korleis det å stå i skogbrynet med ein stor haug vedbrandar som gradvis utviklar seg til eit langt, breitt og høgt la, utviklar tolmod og evne til å gle seg over at også det som tek tid og tykkjest vere i det små, etter utrøytteleg innsats gjev noko stort. MEN, når det er sagt - det finst veldig mykje som er meir gama enn å lø ved, og eg er lukkeleg over å halde i lag med ein kar som er så glad i, ivrig og flink til å skaffe ved til huset. Eg elskar nemleg å fyre ;-) 

2. Omvisar for Setesdalsmuseet.

I fleire somrar har eg dagleg ikledd meg min finaste stas og stått som eit symbol på det Norske, det Tradisjonsbundne og Ekte, i svalgangen i loptet eller på den ovstore hedda som Åsmund drog heim med ein annærings fole. Ein sunn, norsk ungdom, med eit forunderleg målføre, i folkedrakt, ved rokken, i eit solbrunt og regnbarka tømrahus frå 1500-talet...

Hihi, kva må vel turistane tru,  dei overengasjerte nederlendarane, dei mutte franskmennene og dei snodige tyskarane. Trur dei at me er sånn?! Eller telemarkingane, som eigentleg kan alle sogene best sjølve; eller sørlendingane, som berre smiler unødvendig breitt og tenkjer "Åherliland, å såsøtogflinkogsåspennende de e me kultur"- på ein slik "klappe-hunden-på-hovudet-måte", og legg til for seg sjølve Takk og pris for at me ikkje bur i denne avkroken. 

3. Ute-vedlikehaldsarbeidar for kommunen i Avanduse, Estland.

Ja, altså. Det er greitt nok å rake grus med jernrive. For å få det flatt og fint. Det er greitt nok, ei stund. Det er greitt nok dersom det er innkøyrsla som skal jamnast. Eller hage-gangane. Det er ikkje like greitt når det er ein heil fotballbane. Når det er 40 grader i skuggen og fotballbanen ligg i sola. Når det ligg daude og inntørka froskar ut over heile banen, som ein må plukke opp og kaste bort. Men bortsett frå dét, var det fint! ;-)

4. Budeie.

Jamfør sunn, raudleitt norsk ungdom, med blondt hår i fletter, skaut og spit og ein liten geitelokk på lur. NUVEL. Eg var iallefall til fjells, i Lesja, og det var i allefall geiter. Mange geiter, store og små, gamle Lykle, Svartbakarova og lisle Snjofrisk. B-gjengen, kjea som støtt saboterte når geitene skulle i hus om kvelden. Dei hadde utspekulerte glimt i augo, og var sjølvsagt heilt uråd å verte vond på, for dei smelta dei kaldaste hjarte når dei kom og stanga mjukt i mot låret og kika opp på deg med dei djupaste brune, mjuke augo. Eg var ein månad til fjells, åleine, med ei kasse full av bøker, nok av garn, batteri til radioen, havregraut til frukost, fuglesong til kvelds, ein vakker natur, og ein heil flokk med dei flottaste, beste vener ein kan tenkje seg.

Ja, så var det jo Vandraren, då, han var der jo au. Akkurat då. Akkurat der. Meen, det er ei anna soge ;-)

4 filmar eg kan sjå oppatt:

1. Ronja Røvardotter

Ho er Helten min! Og så hestane, då! Og røvarsongane! Og Birk Borkason. Og Vargsongen. Og "vaffo då, då?", og hola i skogen, og Lovis' brød, og Skalle-Pers' glädjesalut, og vårskriket, og eg berre elskar den boka, og den filmen, gong etter gong. 

2. Anne of Green Gables 

Prince Edward Island. Gule, bylgjande sanddyner mot eit blått hav, raud jord og grøne skogar. Kornåkrar, løyndomar i skogen, vakre hus med høge, spisse gavlar og porch med gyngestol. Hesteskyss til butikken, kyssebærvin, kjolar og The White Sands' Hotel. Matthew og Marilla, og The Lady of Shalot. 

3. Pride and Prejudice

BBC-produksjonen sjølvsagt, kom ikkje med filmen frå 2006. Det skal vere Colin Firth og Jennifer Ehle. Dette er ein roman, og ein film med så mange detaljar og finurlege vendingar at ein er nøydd til å sjå han fleire gonger for verkeleg å ha sett filmen. 

4. Elina, Mother of Mine, Som i Himmelen, Grabben i graven bredvid - fordi svensk film er bra!

4 stadar eg har budd:

  1. Valle i Setesdal (Heimlandet Barndom)
  2. Rissa (gjekk eitt år på Fosen folkehøgskole)
  3. Kongsberg (arbeidde på Kongsberg Dyreklinikk)
  4. Oslo (student. 6 år. Ferdig. Snart.)

4 tv-seriar eg likar:

  1. Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
  2. Norge Rundt
  3. Desperate Housewives
  4. Grey's Anatomy

Sjølvforklårande! ;-)

4 stadar eg har vore på ferie:

1. Trondheim. 

Mormor, Englemat, Lamoparken (bade i fontena), brus, tanta mi som budde i eit høgt hus, Jungelboka-tapet på veggane, puss-puss-så-får-du-en-suss, Olaug med sjokolade i kjøkenskåpet, "inni huket", Mitt skattkammer, gå på café, ny My little pony, store syskjenbarn, Glamour, den koselege stemninga når ein ligg og skal sove og høyrer mamma og Mormor tale saman på stoga, med trafikklydar frå gata, teiknebøker i skåpet, varm sjokolade i porselenskoppar, Ankerstokk og Kaffebrø'. 

2. Moisanden Camping. 

Eg hugsar ikkje nøyaktig når eller kvar, anna at det var ved Grimstad og at det truleg er den fyrste ferien eg hugsar, som ikkje gjekk til Trondheim eller til fjells. Eg hugsar at det var sumar, me låg i kombicamp, eller var det telt, det lukta i allefall jordslag, det var ei strand, det var min fyrste vassmanet, og så hugsar eg at eg fekk ein ven. Ho var nokre år eldre enn meg, me bada saman, og ho var veldig snill :-)

3. Island og Færøyane. 

Sauene og hestane, fyrst og fremst. Det irrgrøne graset som går frå hav til fjell. Dei endelause lavamarkene. Eventyret i å bade i svovelangande, dampande kjelder ute i ein regnvåt og iskald sumardag. Fuglelivet, vulkanane, Thingvellir, Snorre -  

4. Prince Edward Island. 

Ja, det er faktisk sant. Og tru ikkje at begeistringa vart mindre av dét! Nei, tvert om. Det er ein vakker, harmonisk stad, med sereigen musikk, nydeleg mat og herlege menneske. 

4 vevsider eg er innom kvar dag:

1. Eposten min

2, 3, 4. Ei rekkje bloggar...

4 stadar eg ville ha vore no:

I snø og granskog, med ski på føtene, ein glad og sprek, svartkvit hund langt der framme i løypa, og ein smilande, lukkeleg skiløpar ved sida av meg. Med bitande kuldegrader i kjakane, skumring gjennom skogen, og ein minkande måne på skrå høgt, høgt der oppe. Ikkje ein lyd, ikkje ei lukt, ikkje anna enn snø, ski og granskog. 

I den mjuke, djupe øyrelappstolen framfor peisen, med katten malande i fanget og Vivaldis Vespri solenni per la festa dell'Assunzione di Maria Vergine veikt, veikt i bakgrunnen. Stearinljos, ein stor kopp nytrekt WuLong-te, og den nye boka til Anna Gavalda. Lang kveld, og inkje bokmerke...

Heime på kjøkenet, med alle dei kjære, gode venene samla kring det velbrukte, gamle langbordet. Angen av nysteikt brød, varmen frå vedkomfyren og den livgjevande grønsaksuppa. Alle opprømde, raude i kjakane etter friske timar i frosten, hundane slappe, lukkelege, med glippande augnelok. Billie Holiday, bordeaux, kvitlauk, lått og skrøner og ein stor bunt timian frå hagen.

I ei lita engelsk cottage med stråtak, i ein overgrodd rosehage sør i England, med bylgjeskvulp i øyro og hagen full av småfuglar, ekorn og late kattar. Hestar og sauer på andre sida av steingjerdet, ei nybryggja kanne engelsk te på bordet, og ei korg ved sida av meg på hagebenken - full av gode, romantiske romanar og strikketøy :-)

4 bloggar eg sender utfordringa til (dersom dei har lyst!):

  1. Landsliv
  2. Torunn
  3. Ragnhild
  4. Torill